Vedtekter Kvinnherad Næringsservice 2015

§ 1. Organisasjon
Kvinnherad Næringsservice er ein sjølvstendig organisasjon oppretta av næringslivet i Kvinnherad kommune. Innan organisasjonen kan det opprettast bransjegrupper.

§ 2. Føremål
Kvinnherad Næringsservice skal bidra til næringsutvikling i kommunen.

– Vera kommunen sitt rådgjevande organ i næringslivssaker.
– Skapa idèar, ta initiativ og koordinere tiltaksarbeid/næringsutvikling.
– Vera kontakt- og kommunikasjonsorgan for/mellom næringslivet og kommunen. Fremja samarbeid mellom næringsinteressene i Kvinnherad, samt marknadsføra næringslivet og kommunen utad.
§ 3. Medlemskap
Bedrifter, foreiningar, organisasjonar, offentlege og private institusjonar – herunder skular og einskildpersonar kan vera medlemer i Kvinnherad Næringsservice etter styret si godkjenning.

§ 4. Finansiering
Finansieringa skal skje ved medlemspengar, kommunale og andre offentlege tilskot, private bidrag, konsulenthonorar, tilskiping av kurs- og konferansar og sal av tenester til andre selskap og organsisasjonar. Finansiering av spesielle einskildtiltak skal godkjennast av styret.

§ 5. Styringsorgan
Kvinnherad Næringsservice sine styringsorgan er: 1. Årsmøtet 2. Styret med sekreteriat/administrasjon.

§ 6. Årsmøtet
Årsmøtet skal haldast innan utgangen av mars månad. Det skal kallast inn til årsmøtet med annonse i lokalpressa og med minst 14 dagars varsel. Årsmelding, revidert rekneskap og budsjettforslag for inneverande år, saman med sakliste, skal sendast medlemene seinast ei veke før møtet. Årsmøtet skal leiast av leiaren i styret, eller når han/ho har fråvere, nestleiaren. Det skal førast protokoll frå årsmøtet.

Årsmøtet skal handsama følgjande saker: 1. Årsmelding 2. Rekneskap og balanse, disponering av overskot eller dekning av underskot ihht. fastsett balanse. 3. Budsjett og medlemspengar. 4. Innkomne saker. 5. Val av: a. Styremedlemer b. Varamedlemer c. Valkomitè for 1 år, 3 medlemer d. Revisor Saker som skal handsamast av årsmøtet må vera innkomne til styret seinast 14 dagar før årsmøtet. Framlegg til vedtektsendringar må sendast inn seinast 15. februar. Berre medlemmer har stemmerett. Kvart medlem har ei stemme. Ekstraordinært årsmøte kan innkallast av styre nå fleirtalet i styret ynskjer det, eller dersom det føreligg skriftleg krav om det frå revisor.

Det skal førast protokoll over årsmøtedeltakarane.

§ 7. Styret
Styret skal vera samansett av opptil 6 medlemer. Alle skal veljast av Årsmøtet.

Styrets leiar og nestleiar skal veljast av Årsmøtet ved separate val for eit år av gongen. Valperioden for styremedlemmer er 2 år, likevel slik at halvparten av medlemmene første gong vert oppnemnt for 1 år. Ved samansetjong av styret skal det takast omsyn til den bransjemessige samansetjinga blant medlemmene.

Ordføraren i Kvinnherad kommune møter som observatør med tale og forslagsrett, med varaordføraren som personleg vararepresentant.

Styret held møter så ofte styreleiar finn det naudsynt eller 2 styremedlemmer krev det. Styret er vedtaksført når minst halvparten av styremedlemene er til stade. Der anna ikkje framgår av organisasjonen sine vedtekter, har styret besluttande og bevilgande myndigheit på vegne av organisasjonen.

§ 8. Styrets arbeid
Styret skal leia, førestå og føra tilsyn med organisasjonens verksemd.

Styret har mellom anna ansvar for følgjande:

– At det i tillegg til rekneskap og årsmelding, vert utarbeidd strategi for

organisasjonen og årlege handlingsplanar og budsjett

– Tilsetja dagleg leiar og utarbeida evt. stillingsinstruks

– Definera kva for oppgåver den daglege leiinga/administrasjonen skal ivareta

på vegne av styret

– Samordna arbeidet med andre institusjonar og organisasjonar som arbeidar

på tilgrensande område

– Oppretta utval/arbeidsgrupper for bestemte prosjekt og fagområde

– Inngå avtalar om sal av tenester til andre selskap og organisasjonar
§ 9. Sekretariat/administrasjonAdministrasjonen skal kunna bestå av næringssjef, næringskonsulent og sekretær. Seinare utviding av administrasjonen skal godkjennast av årsmøtet. Næringssjefen er sekretær for styret og møter i styret med tale- og forslagsrett. Næringssjefen er dagleg leiar og koordinerer arbeidet i adminsitrasjonen.

Administrasjonen sine oppgåver:- Stå for den daglege leiinga av Kvinnherad Næringsservice.
– Førebu og føre protokoll frå årsmøte og styremøte.
– Handsame saker som blir oversendt frå medlemmer, styre og årsmøtet.
– Setje i gang prosjekt og arbeid som styret finn føremålstenlege.
– Gje råd til kommunale organ i næringslivs-saker.
– Samordne Kvinnherad Næringsservice og kommunen sine interesser fornæringsutvikling.
– Vera idèskapar, ta initiativ og tilby hjelp og rådgjeving til medlemmene.
– Fremja budsjett / handlingsplaner og leggja fram dei naudsynteårsmøtepapir. – Halde medlemmene og pressa orientert om verksemdagjennom årsmeldingar og sæskilde meldingar.

§ 10. Valkomitè
Årsmøtet vel sin valkomitè på 3 medlemmer inklusive leiar. Funksjonstida er 1 år. Valkomitèen skal ovafor årsmøtet føreslå styremedlemer med varamedlemer frå næringsliver. Styret skal fremja forslag på medlemer til valkomitè.

§ 11. Forplikting av organisasjonen
Styrets leiar og eit styremedlem i fellesskap, eller dagleg leiar og eit styremedlem i fellesskap har signaturrett.

Dagleg leiar åleine eller styrets leiar åleine er tildelt prokura.

§ 12. Vedtektsendringar
Forslag til endringar i vedtektene skal setjast fram skriftleg til styret innan 15. februar. Vedtektsendring krev 2/3 fleirtal av dei frammøtte på årsmøtet som har stemmerett. Ved 2. gangs førehaving blir vedtektsendring gjort med simpelt fleirtal.

§ 13. Utmelding
Utmelding skal skje med skriftleg oppseiing til styret innan 4 månader før utgangen av kalenderåret forut for det år utmeldinga skal gjelda for.

§ 14. Oppløysing
Vedtak om oppløysing av organsisasjonar krev 2/3 fleirtal av medlemmene sine stemmer. Vert ikkje dette oppnådd, skal det kallast inn til eksstraordinært årsmøte der oppløysing kan vedtakast med 2/3 fleirtal av dei frammøtte som har stemmerett. Dersom det vert vedteke at Kvinnherad Næringsservice skal oppløysast, skal dei midlane som er til rådvelde tilfalla Kvinnherad kommune og disponerast til tiltak som kjem inn under § 2.