Vi arbeidere for våre medlemmar

KNS er ein medlemstyrt organisasjon som skal ha hovedfokus på næringsutvikling og service/rådgjeving til medlemmene. Ei anna viktig oppgåve er rådgjeving til etablerarar.

Følg oss på internett
Facebook og nettstaden vår skal halda deg som medlem orientert det som rører seg i KNS, næringsarbeidet lokalt, regionalt og nasjonalt. Me informerer om arrangement og saker som me arbeider med samtidig kan du søkja på bedrifter som er medlem hos oss.

Næringslunsj
Vi vil i første omgang arrangera minimum mellom tre og fem Næringslunsjar i året. Desse møta vil ta føre seg aktuelle tema eller presentasjon av våre medlemmer. Møta vil  bli haldne i lokala våre på Husnes frå kl.11.30 til omlag kl. 13.00. Det vert servert ein enkel lunsj. Vi ønksjer innspel til tema/ presentasjonar.

Tema-/medlemsmøter
I tillegg til Næringslunsj vil det bli lagt opp til tema-/medlemsmøter der aktuelle saker/tema vert presenterte. Møtestad og tema vert presentert i aktivitetskalender og invitasjon.

Kurs og seminar
KNS vil og tilby våre medlemmer aktuelle kurs og seminarer. Her er det og ønskeleg med innspell frå medlemmene. Sjå aktivitetskalender

Rådgjeving

KNS tilbyr medlemmene bistand i samband med næringsrelaterte saker, og søknader om støtte frå ulike næringsfond, Innovasjon Norge m.m. Med bakgrunn i dagleg leiar sin bakgrunn som personalsjef og bedriftsleiar, vil organisasjonen også etter nærare avtale kunne utføre bistand i samband med personal- og bedriftsutvikling.

Næringspolitikk
KNS skal fremja utvikling av næringslivet og har m.a. følgjande føremål:

  • å betra rammevilkåra for næringslivet i Kvinnherad
  • å setja søkelys på saker og prosjekt som skal betra vilkåra for næringslivet i kommunen
  • fremja kompetanseutvikling i medlemsbedriftene, og arbeida for eit godt samarbeid mellom skule og næringsliv

Våre engasjerte tilsette

1

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Silvia TofteNæringssjef
siviløkonom, prosjektleiar for prosjektet Møt skolen med fokus på næringsliv/skule, Næringssjef i KNS. Lektor ved Universitetet i Oslo, underviser i innovasjon og entreprenørskap, kurs i coaching. For utfyllande CV sjå linkedin.
Emma ReigstadProsjekt Koordinator
allmennlærar med fordjuping i IKT i læring, grundererfaring, fagkurs i samfunnsentreprenørskap , fagkurs i etablerer rettleiiar. For utfyllande CV sjå linkedin.