Kven er me

Vår nettstadsadresse er: http://naeringsservice.no

Hvilke personopplysninger vi samler inn og hvorfor vi samler de inn

Personvern er viktig for Kvinnherad Næringsservice og me fylgjer til ei kvar tid gjeldande reglar for behandling av personopplysningar gitt i personopplysningsloven og personvernforordningen (GDPR). Formålet med fylgjande informasjon er å gje deg som medlem ei oversikt over kva informasjon som vert samla og kva den vert brukt til.

Kva informasjon samlar me inn

Me samlar inn e-post, namn, bedrift og stilling for å kunne kontakte deg med nyhende, informasjon om arrangement, invitasjon til arrangement og kurs og anna informasjon me tykkjer er viktig for deg som meldlem.

Korleis bruker me informasjonen som vert samla inn

Me bruker informasjonen som vert samla inn for å kunne sende deg epostar som du og di bedrift har interesse av og få. Noko av informasjonen vert retta meir direkte ut frå kva rolle du har i bedrifta, og noko er generelt til alle medlemmar. Me nyttar epost og facebookside for å nå ut med vår informasjon.

Tredjepart

Kvinnherad Næringsservice sel ikkje personopplysningar vidare til tredjepart. Informasjonen blir heller ikkje bytta eller vidareformidla til tredjepart.

Kan informasjonen slettast/kor lenge vert den oppbevart

Du kan trekke ditt samtykke til å behandla personopplysningar i samband med målretta marknadsføring og epost. Det gjer du enkelt ved å fylgje avmeldingslenkja i botnen av kvart nyhendebrev. Du kan også kontakte Kvinnherad Næringsservice som kan melde deg av.

 

Kvinnherad Næringsservice, ved dagleg leiar, er ansvarleg for behandlinga av personopplysninger.