KNS fasiliterer aktuelle kunnskapnettverk i Kvinnherad, som direkte eller indirekte bidreg til samarbeid mellom lokale verksemder. Med dette er ein med på å skapa eit miljø rundt dei ulike fagområda som dei ulike bedriftene innehar. Ofte er det fagområder som få personar i bedrifta jobbar innan. Personane vil få eit større nettverk der det er mogleg med felles kompetanseheving, erfaringsutbyting og høve til uformelle samtalar.

I 2017 har me to nettverk som er aktive:

HR-nettverk: Dette er opent for alle som arbeider med tilsette i ei bedrift, enten det er dagleg leiar i små bedrifter eller HR-ansvarlege i større. Nettverket har 6 samlingar gjennom året der det er ulike tema for kvar gong.

ISO-nettverk: Dette er opent for alle som skal til eller er sertifisert etter den internasjonale ISO standaren for kvalitetsstyring ISO 9001. Nettverket har 6 samlingar gjennom året der det er ulike tema for kvar gong.
Har de eit ynskje om kunnskapsnettverk me endå ikkje har etablert, ta kontakt: post@naeringsservice