Vi står brått i ein uverkeleg kvardag! Dette påverkar oss på fleire måtar, og det vil gje ringverknader i det lokale næringslivet.

Kvinnherad-bedriftene har vore igjennom tøffe tider før, og dei er endringsdyktige!

No må ein nok ein gong brette opp ermane og gjere gode val.

Vi må sette vår lit til at myndighetene vil hjelpe næringslivet igjennom dei utfordringane vi no står i.

KNS ønsker å vere til hjelp for medlemsbedriftene våre så langt det lar seg gjere, vi kan vere ein «sparringpartner» i desse uverkelege utfordringane.

Vi oppmodar om å følgje med på retningslinjer som vert gitt frå myndigheitene og til å ta i bruk dei digitale løysingane til NAV.no og ulike bransjeorganisasjonar.

Kontakt oss dersom vi kan vere til hjelp i situasjonen vi no står i!
E-post: kns@naeringsservice.no
kristine@naeringsservice.no
Tlf: 95 49 47 33

Beste helsing

Kristine Røyrvik, prosjektkoordinator

Styret i KNS ved Synnøve Handeland