Project Description

Dill AS er eit privat selskap som vart skipa våren 2009, som ein konsekvens av kommunale budsjettkutt som ville ha ført til reduksjon av kommunale tenester som Halsnøytunet ytte.

Initiativet kjem frå lokale eldsjeler som ikkje ville akseptera kutt i tilbodet til eldre, og som difor meinte at denne drifta burde kunna føregå i privat regi.

Dill er namnet på selskapet sitt konsept, eit konsept som inneber levering av mat til Halsnøytunet(ved Kvinnherad kommune), pluss drift av eigen kafé, catering, selskapslokale og frivilligsentral.

Selskapet starta opp drifta den 1. juli 2009, med kafé og catering. Frå september same året kom frivilligsentralen i sving.