Project Description

Eide Fjordbruk AS er eit familieeigd selskap med eige settefiskanlegg og 9 konsesjonar for oppdrett av laks og aure. Me har hovudkontor og settefiskanlegg i Fusa kommune. I Kvinnherad kommune har me matfiskproduksjon av laks i fire lokalitetar ved Varaldsøy og Snilstveitøy. Produksjonen i selskapet skjer i tillegg ved lokalitetar i Lindås og Øygarden.