Project Description

Kvinnherad Breiband vart skipa i 2003 med det formål å byggja ut Internettbaserte tenester over fiber i Kvinnherad Kommune.
Vi har per i dag nærare 3900 kundar i heile Kvinnherad. Marknadsandelen på internettbaserte tenester er omlag
76 %. Utbyggjingsgraden er omlag 99 %, det som står att er krevjande og det vil ta nokre år før vi har tilnærma 100 % dekning.

Kvinnherad Breiband er eigd 80 % av Kvinnherad Energi og 20 % av Fjelberg Kraftlag. Tenester vi leverer på fiber er internett, tv frå Get og telefoni.