Project Description

Slit du med rekneskapen for ditt firma? Rekk du ikkje over lønsutbetaling til dei tilsette og skulle heller brukt tida ute på arbeid? Kanskje du treng hjelp til administrasjonsarbeid eller bistand innan årsoppgjer, likning og firmaetablering? Rekneskapshuset på Halsnøy Kloster er ditt profesjonelle rekneskapskontor, og me utfører alt innan rekneskapsføring, lønsutrekning, årsoppgjer, sjølvmeldingar, rådgjeving og mykje meir.

Dei fleste kundane våre er lokale, men me har også kundar t.d. i Oslo, og har i utgangspunktet ingen geografiske avgrensingar.