Project Description

Lite og koseleg hotell og restaurant i eit restaurert gardstun på Voss.

Hotell: 6 unike, komfortable rom med store, flislagde baderom med dusj inne i eit utvends tilsynelatande slite, grått gardshus. Huset er fint restaurert og romma er komfortable med alt det ein ventar å finna i eit moderne hotellrom. ( Haust 2016 utvidar me til 9 nye rom)

Restaurant: Ala Carte: Tor – sønd, kjøkken 17:00 – 21:00, bar / lounge til 23:00. Me kan avvika tidene om det er tomt så det er lurt å førehandstinga på 95406135 eller post@storeringheim.no. For hotellet sine gjester har me ope kvar dag om de tingar bord ved ankomst.

Er de ei lita gruppe på 6 eller fleire så opnar me gjerne andre dagar også om de tingar seinast dagen før på 95406135 eller post@storeringheim.no