Project Description

EIT KRAFTSENTER FOR FRAMTIDSRETTA ENERGIFORSYNING

Sunnhordland Kraftlag (SKL) har som visjon å vera eit kraftsenter for framtidsretta energiproduksjon.

For å legge til rette for ei meir framtidsretta og effektiv organisering har SKL vore konsernorganisert frå 01.01. 2009. Konsernet har vore organisert med eit morselskap, SKL AS, og 3 dotterselskap, SKL NETT AS, SKL PRODUKSJON AS og SKL MARKED AS.

Frå 1.1.2016 vert me eiit reindyrka produksjonsselskap. Nett og marked vert overteke av Haugaland Kraft. Samstundes vil SKL ta over Haugaland Kraft si produksjonsverksemd. Dei strukturelle endringane me no gjer, vil sikra og kvalitetsbetra beståande produksjon i SKL, og gje rom for ny produksjon og utbygging.