Project Description

Året 2015 har vore eit merkeår for banken. Det første kontoret utanfor Tysnes kommune vart opna i april på Husnes, banken fekk 200 nye eigarar som til saman gjekk inn med 35 millionar kroner i ny eigenkapital, og på hausten opna banken kontor på Lagunen i Bergen. I tillegg til dette vart banken kåra til den mest framgangsrike banken blant dei 74 bankane i Eika Alliansen. Bankens tilsette har gjennom året 2015 vist ei svært god omstillingsevne. Resultatet er tufta på ein flott innsats frå alle tilsette og ein god kombinasjon av erfarne og yngre medarbeidarar som alle vil at banken skal lukkast med målsetjinga om å skapa ein levedyktig frittståande lokalbank for person- og bedriftskundar i nærområdet.