Til orientering,

Styret har beslutta å utsette årsmøtet i Kvinnherad Næringsservice, dette med bakgrunn i endra smittevernsreglar som tillet samlingar på inntil 50 personar.

Vi ønsker å gjennomføre årsmøtet til det beste for alle, og ser på det som positivt å kunne møtast fysisk.

Ny dato vil innan kort tid bli bestemt.

Det er viktig når ny påmelding vert sendt ut at ein melder seg på, slik at vi får ivaretatt gjeldande smittevernsreglar.