
- Dette arrangement har allerede funnet sted.
På dette kurset får du konkrete verktøy for å omstrukturere verksemda di, slik at du kan sikre ei meir effektiv og lønsam drift.
Mange av verdas største og mest suksessfulle selskap nyttar nye prinsipp for organisering, som går bort frå tradisjonelle modellar. Desse prinsippa legg til rette for betre ressursutnytting, samtidig som dei tar omsyn til at menneske er ulike. Dette opnar for å plassera rett person på rett plass, noko som styrkar både produktiviteten og arbeidsmiljøet.
Kurset passar for alle som vil ta organiseringa si til eit nytt nivå!
Om kursleiaren:
Victor Jensen er cand.polit, og tidlegare styreleiar i StyreAkademiet Norge. Jensen er styremedlem i StyreAkademiet Vestland samt deleigar, styreleiar og styremedlem i fleire selskap. Victor har også bakgrunn som leiaransvarleg, personalsjef og strategiansvarleg innan finans. Til dagleg arbeider han som rådgjevar innan eigarskap, styre og leiing, og er spesialist på fagområdet reorganisering og organisasjonsutvikling – både på landsbasis og internasjonalt.