Handlar de med internasjonale kundar eller leverandørar?
Då kan kurset i Incomterms vera nyttig å få med seg. Del gjerne vidare til personar i di bedrift som du meiner kan ha nytte av kurset.
Det er viktig at bedrifter og næringsdrivande oppdaterer seg på dei nye Incoterms® slik at norske bedrifter ikkje pådrar seg unødvendige problem eller kostnader. Dette fordi leveringsbetingelsar, og då spesielt Incoterms® 2020 er noko absolutt alle som driv med handel må forhalda seg til, –
både nasjonalt og internasjonalt.
Incoterms® regulerer det kjøpsrettslege leveringspunktet inkludert ansvar- og risiko- overgang, kostnadsfordeling, val av transport(middel) samt eksport- og importformalitetar mellom segjar og kjøpar.
Incoterms® som består av 11 ulike leveringsbetingelsar som altså regulerer om det er kjøpar eller selgjar som har ansvaret for desse ulike og viktige delene i salgs- og leveringsprosessen. I staden for at ein utarbeider lange og omfattande kontraktar mellom handelspartnarar kvar gong, vel ein ein av dei forhånds definerte Incoterms-klausulane. Reglane er like over hele verda, finns på «alle» språk, passar for alle «trades», og kan brukast uavhengig av jurisdiksjonar (nasjonale lovvals klausular).
Kurset er utforma for å enkelt beskriva kven som er ansvarleg under transport, kven som skal betala kostnadane, og kva forpliktelsar kjøpar og selgjar har. Lønnsomheten til verksemda kan falla dersom noko uforutsett skjer under levering. Å velja rett leveringsbetingelse er difor av stor betydning for
å unngå kostbare overraskingar.
23. september kl 10:00
Kurset varer i omlag 4 timar og vil foregå hos KNS,
Stabburshaugen 5, på Husnes. Kurset er ope for alle.
Pris pr deltakar: Medlem kr 4990,- / Ikkje-medlem kr 5990,-
Rabatt pr deltakar kr 500,- ved fleire frå same bedrift.
Bindande påmelding til bms@naeringsservice.no innan 30.08.24
Me må ha minst 7 deltakarar for gjennomføring av kurset.
Lunsj er inkludert i kursavgifta.