Kvinnheradkonferanse 2022

Velkommen til Kvinnheradkonferanse 2022

Onsdag 21.09.2022

Kinosalen på Husnes

Erik Hanøy er årets Konferansier og var i 25 år medieprofil med erfaring hos Radio 1 og NRK Hordaland. I foredraga hans viser han engasjement for tema som endring, arbeidsglede og motivasjon og korleis dei passar inn i arbeidsdagen din.

Eit foredrag med Erik Hanøy gjev deg:

Foredragshaldar som alltid evnar å skapa god stemning med den fantastiske scene tilvera si.
Underhaldande og utruleg motiverande med høg energi.
Etterspurd formidlar med lang erfaring frå norske medium.

 

Erik Hanøy er ein underhaldande og engasjerande foredragshaldar med mykje erfaring frå scener over heile Noreg. Han har 25 års erfaring frå media som programleiar for Radio 1 og NRK Hordaland.

Erik var fast skribent for Bergens Tidende i 2015-16, og underhaldne lesarane med det unike perspektivet sitt på livet. I Noreg kommenterer han òg fotball for Eurosport Norge.

Dei to siste åra har Erik vorte ein etterspurd foredragshaldar og konferansier med oppdrag landet over. Døme på oppdragsgjevarar er Equinor, Helse Bergen, Sparebanken Vest, NAV og fleire fagforeiningar.

Erik er både engasjerande og inspirerande som foredragshaldar. Han utfordrar ofte publikum på konkrete handlingar og val dei sjølv kan og bør ta for å skapa ein betre arbeidsdag. Han blir òg brukt mykje som konferansier og taler på konferansar og idrettsarrangement.

I Bergen er Erik kjent for sterkt engasjement og munnrappe stil.

The post Kvinnheradkonferanse 2022 appeared first on Kvinnherad Næringsservice.

800 800 Kvinnherad Næringsservice
Del innhald

Hovudsamarbeidspartner

Firmalogo med link til eigen nettside på KNS si heimeside.

Firmalogo* ved inngangspartiet til KNS på Husnes

Firmalogo øvst på alle nyhendepostar som vert sendt ut.

Roll up* i KNS sine lokale og på KNS sine arrangement.

Tekst: Hovudsamarbeidspartner ”Firmalogo”

Medarrangør på 1 stort arrangement kvart år.

Tekst: Hovudsamarbeidspartner ”Firmalogo”

Presentasjon på 1 møte pr år.

Tekst: Hovudsamarbeidspartner ”Firmalogo”

Prisen for å verta ein Hovudsamarbeidspartnar med KNS er kr. 50.000,- pr år.

**produksjon av profilmateriell er ikkje inkludert i prisen.