Med Næringshagen på laget

Utfordringane som næringslivsaktør vert stadig tøffare. Ein skal ikkje berre ha kontroll på økonomi, marknad og timelister. Nye krav skal innarbeidast i ein frå før hektisk kvardag, og det er fort gjort å miste oversikten. 

Godt då å vite at det finst nokon som er klare for å gjere ein innsats. Forretningsutviklarar som allereie har vore til stor hjelp for andre verksemder, og som har akkumulert mykje kompetanse langs vegen.

Ei av dei som verkeleg har nytt godt av dette er Kristine Moldenhauer Biseth, og dei andre i eigar- og leiargruppa hos Herde Kompositt.

Egget held mål

Me hugsar alle overskriftene og unntakstilstanden som rådde, hausten 2020. Palfinger ville ikkje lenger satse på livbåtproduksjon i dei tradisjonsrike lokala i Ølve. Veldig mange mista arbeidet sitt, og krise var mest eit mildt ord å bruke om den akutte situasjonen.

Målbedrift: Kristine Moldenhauer Biseth og Kjersti Bjørke har hatt mange gode samtalar om utviklinga av Herde Kompositt. Foto: Vidar Alfarnes

Alle veit korleis det gjekk. Nyleg vart det kjent at Ovum – selskapet bak oppdrettsegget som Herde Kompositt har produsert prototypen av – ønskjer å kjøpe verksemda i Ølve. Det heilt utslagsgjevande for at dei no er på veg i marknaden for å hente pengar, er dei ekstremt gode testresultata frå Romsdalsfjorden. Der det første Egget (E2000) har vore i sjøen i temmeleg nøyaktig eitt år.

Fekk den rette hjelpa

Skrur me klokka attende til hausten 2020, var Biseth sin kjennskap til næringshagen i Øystese ein viktig faktor for at Herde Kompositt i det heile vart etablert.

– Sidan eg tidlegare har teke eit gründerkurs i regi av næringshagen, kjente eg godt til Kjersti Bjørke. Då me sat kring bordet for å leggje ein plan for ei nyetablering i Ølve, tok det ikkje lang tid før eg skjøna verdien av å få ho med på laget. På rekordtid vart me ei målbedrift. Kjersti snudde seg raskt rundt. I løpet av to lange dagar hjelpte ho til med å få på plass eit rammeverk og ein strategi. Då hadde ho teppebomba oss med spørsmål, gjennomført SWOT-analysar og fått oss til å setje handfaste ord på vegen vidare, fortel Biseth i dag.­­­­

Stadig nye prosessar

– Dokumentet me laga den gongen er framleis viktig i kvardagen vår. Samarbeidet med Kjersti og næringshagemiljøet lever i beste velgåande, slår utviklingssjefen fast. 

Herde har det siste året vore med på eit spennande resirkuleringsprosjekt, saman med ni andre verksemder og forskingsmiljø. Sjølv slit dei med avfalls- og restprodukt i samband med bruken av glasfiber, når dei støyper kompositten. Forhåpentleg munnar prosjektet ut i at dei får på plass meir sirkulære prosessar, og eit langt «grønare» fotavtrykk enn kva dei har i dag. Noko som igjen vil vere direkte avgjerande for å kunne få konkurrere om jobbane dei ønskjer. 

Midt i blinken

Ei anna som har stifta nærare kjennskap med næringshagemiljøet og Kjersti Bjørke, er dagleg leiar for Proxima Hydrotech, Anita Alsaker.

– Eg fekk invitasjon frå Kvinnherad Næringsservice til eit møte på Husnes, der målet var å rekruttere nye målbedrifter. For meg som var ganske ny både i jobben og i kommunen, var det naturleg å ta turen. Eg vart ikkje skuffa. Kjersti presenterte seg sjølv og kva ho kunne stå til teneste med. Det høyrdest såpass spennande ut at eg tok kontakt, og lurte på om ho kunne jobbe direkte med meg og verksemda vår, røper Alsaker.

Ny på laget: Dagleg leiar i Proxima Hydrotech, Anita Alsaker, var kjapp med å vise interesse for målbedrift-programmet. Foto: Vidar Alfarnes

– Ho sa ja, og kom på besøk til oss på Seim berre nokre veker seinare.  Då la me ein plan for korleis samarbeidet skulle vere framover. Me har hatt møter både på Seim og i Øystese, og mykje har handla om strategi. Men me har òg snakka litt om leiarutvikling. Planen er å køyre eit leiarutviklingsprogram for fleire av dei tilsette, forklarar sjefen i eit selskap som driftar kring 60 kraftverk. I tillegg har dei serviceavtalar med to hundre verk, der dei utfører tilstandskontrollar og naudsynt vedlikehald. 

– Eg har hatt stor nytte av samtalane mine med Kjersti, og ser no på ho som coachen min, smiler den joviale bedriftsleiaren.

Klåre til teneste

Sommarferien er over og forretningsutviklarane i Hardanger og Voss næringshage står parat, til beste for lokalt næringsliv. Med subsidierte prisar, tilbyr dei små og mellomstore verksemder ein startpakke på 16 timar. Då må ein gjere som Herde Kompositt og Proxima Hydrotech, og bli ei målbedrift. Det sikrar deg og verksemda di tilgang på all den kompetansen som ligg i det SIVA-initierte næringshage-programmet. 

– Eg er klar for å hjelpe verksemda di til å bli den beste utgåva av seg sjølv, seier Kjersti Bjørke. Med seg i ryggsekken har ho både ei økonomiutdanning, og ein master i innovasjon og endringsleiing frå NTNU. Ho har i tillegg studert litt psykologi, og har sjølv arbeidd både på Universitet i Bergen og i familieverksemda på Os. 

Men mest av alt har ho vore konsulent for eit næringsliv som har ønskt seg ein sparringpartnar. Ei som kan hjelpe deg med forbetringsprosessar, økonomiske utfordringar, marknadsføring og organisasjonsutvikling. 

Kan dette vere noko for deg? Ta gjerne kontakt for nærare informasjon med prosjektmedarbeidar Vidar Alfarnes hos Kvinnherad Næringsservice. Du når meg på 47091766 og e-post: vidar@naeringsservice.no

The post Med Næringshagen på laget appeared first on Kvinnherad Næringsservice.

1024 661 Kvinnherad Næringsservice
Del innhald

Hovudsamarbeidspartner

Firmalogo med link til eigen nettside på KNS si heimeside.

Firmalogo* ved inngangspartiet til KNS på Husnes

Firmalogo øvst på alle nyhendepostar som vert sendt ut.

Roll up* i KNS sine lokale og på KNS sine arrangement.

Tekst: Hovudsamarbeidspartner ”Firmalogo”

Medarrangør på 1 stort arrangement kvart år.

Tekst: Hovudsamarbeidspartner ”Firmalogo”

Presentasjon på 1 møte pr år.

Tekst: Hovudsamarbeidspartner ”Firmalogo”

Prisen for å verta ein Hovudsamarbeidspartnar med KNS er kr. 50.000,- pr år.

**produksjon av profilmateriell er ikkje inkludert i prisen.