Laster Arrangementer

Me gler oss årets første næringslunsj som kan gå under “virkemiddellunsj” De skal blant anna få høyra om korleis forsking kan styrke di bedrift?

👉🏻Påmelding Næringslunsj 30. januar – Fyll ut skjema

FORREGION Vestland kjem og gjev oss konkrete tips, gode eksempel og sjansen til å stille spørsmål direkte til kompetansemeklarane.
Me skal og få høyra om om reisa til Kroka Eigedom og korleis utviklinga saman med litt tilfeldigheter og masse hardt arbeid har ført dei dit dei er i dag.

Står de litt fast i utviklinga og syns det er litt utfordrande å veta kor ein kan finna midlar og gode råd?
Få hjelp i innovasjonsarbeidet – prosjektsamarbeid på tvers av næringsliv og FoU.

FORREGION Vestland er ei fylkeskommunal satsing for åstyrke forskingsbasert utvikling som skal føre til innovasjon, berekraftig verdiskaping, grøn konkurransekraft og klimaomstilling i næringslivet i Vestland

Høgskulen på Vestlandet og Vestlandsforsking er samarbeidspartnarar som bidrar med gratis rådgjeving frå kompetansemeklarar.
Me får besøk av Rannveig Litlabø frå Forregion Vestland og Kjetil Djuve i frå Atheno

Kroka Eigedom AS

Kroka Eigedom AS vart etablert 2005 og hovudaktiviteten er eiendomsutvikling og -prosjekt, spesielt innan fritids- og turistrelaterte eigedommar. I 2022 kjøpte Kroka Eigedom AS m.a. motellet Maram Eigedom i Rosendal — eit steg vidare i satsinga på lokale eigedommar til bruk for overnatting og turisme og i desember 2025 kjøpte selskapet ærverdige Rosendal Turisthotell.

Kroka Eigedom har utvikla seg frå eit lite lokalt eigedomsselskap til ein aktiv aktør i lokal turist- og eigedomsutvikling i Rosendal-området og satsa på i investera og vidareutvikla større turist- ogovernattingsanlegg.

Me gler oss til å høyra meir om denne spennande utviklinga som betyr mykje for kommunen vår og turistane som kjem hit.

Detaljer

  • Dato: 30 januar
  • Tid
    12:00 - 20:30
  • Kostnad: kr300-kr350

Sted

  • Kvinnherad Næringsservice
  • Stabburshaugen 5
    Husnes,5460Norway
    + Google-kart
  • Telefon 96015954