Miljømedvit, kortreist kraft og industripreg er alle ingrediensar når ein grøn næringspark er i støypeskeia på Husnes.
Jan Petter Myhre i Grøn næringspark og Bente Marie Sjo i Kvinnherad Næringsservice er overtydde om at næringsparken som er under planlegging på Husnes vil kunna gjera godt for folketalsutviklinga i kommunen..
Som dei fleste nok er kjende med, blir det jobba med å etablera ein grøn næringspark i området mellom Hydro Husnes og «Stripo», heilt frå SIM til Hydro sin parkeringsplass. Dette arealet er på kring 400 dekar, har eigarar i form av Kvinnherad kommune, Hydro og private, og er allereie regulert til næringsformål.
Det er snart berre aktørane dei ventar på, Myhre og Sjo som er tett på prosjektet – han som leiar av styringsgruppa for Grøn næringspark, ho som dagleg leiar i Kvinnherad Næringsservice, selskapet som i si tid sette i gang arbeidet med næringsparken.
Skal vi tru duoen er det ei rekke spennande bransjar som vil kunna finna seg til rette på Husnes – til dømes verksemder innan hydrogen, ammoniakk, batteriproduksjon, oppdrett og datalagring.
Og sjølvsagt biogass.
– Det er all grunn til å tru at grunnarbeidet for eit biogassanlegg blir sett i gang i år, seier ein optimistisk Myhre, med sikte på Hardanger Biogass sin søknad om igangssettingsløyve, som for tida blir behandla av Statsforvalteren i Vestland.
Kritisk til folketalsutviklinga
Hydrogenselskapet Hyds er ein annan stor aktør som ifølge Myhre har Kvinnherad i kikerten.
– Hyds seier at Husnes er blant dei mest aktuelle plassane for dei å etablera seg på.
Sjølv om det har blitt snakka mykje om Grøn næringspark, trur ikkje Myhre at alle sambygdingar nødvendigvis er like overtydde som han når det gjeld behovet for å utvikla ny og berekraftig industri i regionsenteret Husnes.
For Myhre og co. er folketalsutviklinga til Kvinnherad kommune eit hovudargument for ovannemnde næringspark. Statistisk sentralbyrå sine framskrivingar syner nemleg at innbyggartalet i kommunen vil gå ned frå dagens 13.089 til 11.876 i 2050.
– Det er ikkje bra. For første gong sidan svartedauden er ikkje bygdene i stand til å reprodusera seg sjølve. Dette er eit bygdeproblem, ikkje eit byproblem, seier Myhre, og held fram:
– Vi kan gjerne ikkje snu byutviklinga, men vi kan gjera noko for at fleire vil busetta seg her:
Dei må ha ein plass å jobba.
– Eit kroneksempel
Det er her næringsparken kjem inn i bildet.
– Husnes er sentrum i kommunen, og vi har – som einaste staden i Sunnhordland – god tilgang på kraft. Ved å skaffa interessante arbeidsplassar her, kan vi snu den negative trenden i folketalsutviklinga, hevdar Myhre.
Han viser til Danmark, slik også Hardanger Biogass har gjort i sine presentasjonar. Det flate landet under oss er tydelegvis eit land å sjå opp til.
– Kalundborg dannar eit kroneksempel på folketalsutvikling, fortel Myhre, og peikar på industrisymbiosen Kalundborg Symbiose, der 17 verksemder – private og offentlege – arbeider saman for å utnytta kvarandre sitt avfall.
– Tankegangen er med
«Symbiosen skapar vekst i lokalsamfunnet og støttar opp om den grøne omstillinga», står det å lesa på Kalundborg Symbiose sin nettstad.
– Kalundborg hadde 20.000 innbyggarar i 1970, 48.000 i dag. Så vellukka kan ein industriell symbiose vera, fortel Myhre, som meiner at det i det vidare arbeidet med den grønne næringsparken blir viktig å hausta røynsle av danskane.
– Kvinnherad er den største kommunen i Sunnhordland når det gjeld mengde utslepp, og tankegangen om industriell symbiose er absolutt med i planarbeidet her i Grøn næringspark.
Dagleg leiar i Kvinnherad Næringsservice Bente Marie Sjo seier til Kvinnheringen at ho synest arbeidet med næringsparken er spennande. Ho begynte i stillinga som dagleg leiar i mai i år og har såleis enno mykje å setta seg inn i.
Men allereie er ho gira.
– Det er så fascinerande å tenka på ringverknadane for eit godt Kvinnherad der framme. Tilgang til spennande arbeidsplassar er korleis vi kan få folk til å bu i Kvinnherad. No er tida moden for innovasjon og til å gripa moglegheitene som vil koma, smiler ho.