Kva brenn me for?
Kvinnherad
KNS skal vera ein natuleg samlingsplass for relasjonsbygging, kompteanseoverføring og ein stødig brubyggjar mellom næringslivet og kommunen.
Samferdsle
Samgerdsle er viktig for oss som bur i desentraliserte støk med lange avstandar til nærmaste by.
For å vera ein attraktiv region å etablera seg i, treng me den mest effektive og berekraftige transporten for å komma på jobb og delta på aktivitetar.
KNS Ung
Vi ynskjer å vera ein arena der unge engasjerte Kvinnheringar kan veksa, våga å tenka nytt og byggja gode relasjonar. Gjennom ulike samlingar og samarbeidsprosjekt vil vi styrkja kompetansen og skapa moglegheiter for å realisera nye idéar og prosjekt som kan bidra positivt for eit god framtid i Kvinnherad.Visjonen for KNS Ung:
«Å skapa eit engasjert og innovativt ungt næringsliv og ein arena for framtida gjennom samarbeid, kunnskapsdeling og entreprenørskap.»
Dette bedriftsnettverket, beståande av unge i alderen 18 til 39+, skal jobba for å forma eit næringsliv som ikkje berre er økonomisk levedyktig, men og sosialt ansvarleg og miljømessig berekraftig. Gjennom aktivt engasjement og samarbeid, kunnskapsdeling, samt inspirasjon til entreprenørskap, vil vi leggja grunnlaget for ei framtid der det unge næringslivet bidrar til eit robust framtidig Kvinnherad.