Årets bedrift 2026
Frå fjord til fjell, frå menneske til maskinar – det er tid for å kåra Årets bedrift i Kvinnherad! No kan du nominera bedrifta du meiner fortener tittelen Årets bedrift 2026.
Næringslivet i Kvinnherad er mangfaldig og viktig for lokalsamfunnet vårt. Bak arbeidsplassane står menneske med idear, innsats og vilje til å satsa. Hjelp oss å finna bedrifta som fortener årets heider. No skal vi finna bedrifta som fortener tittelen Årets bedrift 2026.
Send inn ditt forslag innan 17. september 2026
Bedrifta må treffa på kriterier:
- Innovativ
- Tek samfunnsansvar
- Kundeorientert
- Berekraft / miljø / sunn økonomi
- Vekst (tilsette, omsetning, utviding)
- Kvalitet
- Etablert i kommunen
- Satsar i kommunen
- Inkluderande bedrift
- Satsar på lærlingar
Årets bedrift 2025
Ølve Industrier AS vart vinnaren i 2025
Dei vann kr 10.000,- gitt av Sparebanken 1 Sør-Norge, og ein flott illustrasjon laga av Lars Slettebø.


