
Korleis vinna private og offentlege kontraktar – og samstundes bidra til gode og samarbeidsorienterteprosessar med oppdragsgjevar
Kva reglar gjeld når ei privat verksemd hentar inn anbod eller tilbod frå leverandørar? Kva reglar gjeld når ei offentleg verksemd gjer det same? Og kva moglegheiter har leverandørar til oppdrag i både privat og offentleg sektor? Det blir gitt praktiske tips både til leverandørar og til private og offentlege innkjøparar.
Reglane for offentlege anskaffingar er i endring. Dette har stor betydning for både offentlege innkjøparar og private tilbydarar. Vi går gjennom dei viktigaste endringane, og ser på status for tema som kvalifikasjonskrav, tildelingskriterium, prismodellar, evaluering og klagar. Advokat Harald Alfsen har spesialkompetanse innan anbod, tilbod, kontraktar og forhandlingar i både privat og offentleg sektor. Han er partner i Stiegler Advokatfirma AS.
Arrangementet er relevant for verksemder som leverer varer og tenester til både privat og offentleg sektor, til dømes innan bygg og anlegg, rådgiving, IT, arkitektur, transport, reinhald, eigedomsforvaltning, energi og andre leverandørnæringar.
Her får du både fagleg oppdatering og nyttige perspektiv som kan gi verksemda di eit konkurransefortrinn i framtidige anbodskonkurransar.
Påmelding Korleis vinna anbod? – Fyll ut skjema
