Laster Arrangementer
Kom å å høyr om kva Støyperiet Pub og Oppsteg AS kan tilby næringslivet i Kvinnherad!

Oppsteg AS – er ein prosjekt- og industripartner med erfaring frå nokre av dei mest krevjande prosjekta på Vestlandet. Oppsteg leverer teknisk tyngde og prosjektkontroll frå ide til ferdigstilling – med spisskompetanse på mellom anna framdrift, kostnadskontroll, innkjøp og risikostyring. Dei har òg styrkt porteføljen med engineering-tenester (konstruksjon, prosess og maskin), og kan ta totalleveransar (EPC) der dei har ansvar for prosjektering, innkjøp, bygging, installasjon og idriftsetting.
På næringslunsjen får du høyre korleis dei jobbar i praksis – og kva som faktisk skal til for å få fart, kontroll og trygg gjennomføring når prosjekta blir store, komplekse og tidskritiske. Dette blir ein fin arena for å få nye impulsar, stille spørsmål og sjå moglegheiter for samarbeid.
Støyperiet Pub – av eldsjeler, for bygda.
I dei gamle lokala til 5460 på Husnes, kjem ein ny vår. Ein stad der sambygdningar kan møtast og praten sit laust. Åsmund Lilleaas vil fortelja oss om kva Støyperiet kan bety for næringslivet i heile kommunen.
Lunsj
Me startar med god lunsj og nettverksbygging kl 12:00
Hugs å melde i frå om allergiar og påmelding innan 25. mars pga matbestilling
Pris pr deltakar: Medlem Kr 300,- | Ikkje medlem Kr 350,-

Detaljer

Sted

  • Kvinnherad Næringsservice
  • Stabburshaugen 5
    Husnes,5460Norway
    + Google-kart
  • Telefon 96015954

Arrangør

  • Kvinnherad Næringsservice