Å skapa eit engasjert og innovativt ungt næringsliv og ein arena for framtida gjennom samarbeid, kunnskapsdeling og entreprenørskap.
Nettverk
Beståande av unge i alderen 18 til 39+
Engasjement
Aktivt engasjement og samarbeid, kunnskapsdeling, samt inspirasjon til entreprenørskap
Kompetansebygging
Workshops, nettverkssamlingar, mentorprogram og samarbeidsprosjekt
La oss skapa noko saman.
Dette bedriftsnettverket, beståande av unge i alderen 18 til 39+, skal jobba for å forma eit næringsliv som ikkje berre er økonomisk levedyktig, men og sosialt ansvarleg og miljømessig berekraftig.
Gjennom aktivt engasjement og samarbeid, kunnskapsdeling, samt inspirasjon til entreprenørskap, vil vi leggja grunnlaget for ei framtid der det unge næringslivet bidrar til eit robust framtidig Kvinnherad.
Vi ynskjer at dette skal vera ei levande plattform kor unge engasjerte kan utvikla seg, våga å tenka nytt og byggja sterke og nyttige relasjonar. Gjennom fks workshops, nettverkssamlingar, mentorprogram og samarbeidsprosjekt vil vi styrkja kompetansen og skapa moglegheiter for å realisera nye idéar og prosjekt som kan bidra positivt for næringslivet i Kvinnherad og regionen elles.
Me har tru på at dette blir tatt godt i mot, det er mange flinke unge vaksne i Kvinnherad som saknar ein møteplass.

Benjamin Hus Ripel og Hege Digranes Lilleaas (Foto: Simen Vedrhus)
Ynskjer du å vera med i KNS Ung?
Send oss ei melding, så tek med kontakt.
