
- Dette arrangement har allerede funnet sted.
Som leiar har du eit lovpålagt ansvar for å sikre eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø. Arbeidsmiljølova krev at alle arbeidsgivarar og leiarar med personalansvar skal ha nødvendig opplæring i helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid (HMS). Dette kurset gir deg kunnskapen og verktøya du treng for å oppfylle desse pliktene – og for å skape ein trygg og god arbeidsplass for dine tilsette.
Kurset har ein ordinær pris på 3 500,-, men takka vere støtte frå Siva kan vi no tilby det til verksemder i Kvinnherad til ein kraftig redusert pris – ei unik moglegheit du ikkje vil gå glipp av!
Vår pris medlem kr 1500,- / Målbedrift* i Næringshageprogrammet kr 890,-
*Dette er en rabattert pris for bedrifter som har tegnet avtale som målbedrift i Næringshageprogrammet. Ta kontakt dersom du har spørsmål!
Meld deg på her 👉🏻HMS for ledere – 27.10.2025 | Næringshagen i Ullensvang | Kjøp billetter | Hoopla
Kvifor ta kurset?
Manglande HMS-kompetanse kan føre til brot på lovverket, auka risiko for ulykker og sjukefråvær, og i verste fall ansvar for alvorlege hendingar. Med rett opplæring kan du førebygge problem, styrke arbeidsmiljøet og bygge ein kultur for tryggleik og trivsel.
Kursinnhald
Kurset er lettfatteleg, praktisk retta og basert på dagsaktuelle eksempel. Vi gir deg tryggleik i korleis du kan gjennomføre HMS-arbeidet i din verksemd, med fokus på:
- Arbeidsmiljølova og relevante forskrifter
- Arbeidsgivar sine plikter
- Arbeidstakar sin rett og plikt til medverknad
- Verneombodet og AMU si rolle
- Bedriftshelsetenesta si funksjon
- Inkluderande arbeidsliv (IA)
- Systematisk HMS-arbeid
- Arbeidsmiljøfaktorar og relasjonar
- Rolleavklaringar og handtering av rollekonfliktar
Dette kurset gir deg både innsikt i regelverket og praktiske metodar for å gjennomføre HMS-arbeidet på ein effektiv måte.
Om kursleverandøren
Karine Einang og Paul F. Henriksen i Einang Safety Consult AS har over 40 års samla erfaring frå brann- og redningsvesen, politi, Forsvaret og industri. Dei tilbyr skreddarsydd rådgjeving og opplæring innan HMS, leiing, beredskap og tryggleik – til både private og offentlege verksemder.
Kursbevis
Alle deltakarar får kursbevis etter gjennomført kurs. Beviset dokumenterer deltaking og kan nyttast som stadfesting overfor arbeidsgivar eller i vidare kompetanseutvikling.
Me serverer lunsj, meld i frå om evt allergiar til bms@naeringsservice.no
Kurset er eit samarbeid mellom Kvinnherad Næringsservice | Næringshagen i Ullensvang | Hardanger Voss Næringshage
