Firmaet dykkar er velkomen som medlem i Kvinnherad Næringsservice. Ved å vera medlem hos oss får du høve til å påverke vårt arbeid, samtidig som vi arbeider for deg og medlemmane våre i ulike fora ut frå behov og ynskjer.

Vi er med på å:

  • bidra til næringsutvikling i kommunen.
  • fremja samarbeid m.v. mellom næringsinteressene, samt marknadsføre næringslivet i Kvinnherad utad.
  • vera kontakt/kommunikasjonsorgan for næringslivet i  kommunen.
  • vera kommunen sitt rådgjevande organ i næringslivssaker.
  • skapa idear, ta initiativ og koordinera tiltaksarbeid.
  • arrangera/organisera kompetansehevande opplæring/kurs, aktuelle konferansar og andre møtestader for næringslivet i kommunen.

Vi ser det som naturleg å gje eit tilbod om tenester tilnæringsdrivande, lag, organisasjonar og offentlege etatar, slik at medlemmeneskal kunna få utført sine behov innanfor avgrensa økonomiske rammer. For at vi i størst mogleg grad skal kunna oppfylla desse oppgåvene, er det viktig at flest mogleg næringsdrivande sluttar opp om organisasjonen.

Medlemskap i Kvinnherad Næringsservice er rimeleg, og kostar p.t. kr. 1250,- i grunnavgift ein variabel del på kr. 200 pr. tilsett i Kvinnherad pr. år (dvs minimum kr.1450.)

Vi håper å kunne ynskje dykk velkomen som medlem i Kvinnherad Næringsservice.

Ta kontakt med underteikna ved behov for meir informasjon. Du finn også oppdatert informasjon om Kvinnherad Næringsservice på www.naeringsservice.no.

Med venleg helsing
Kvinnherad Næringsservice
Silvia Tofte, næringssjef