Velkommen til ein næringslunsj med viktig tema!
Heile regionen vår har stor mangel på arbeidskraft og kompetanse.
Kva arbeidsplasser har Kvinnherad og Sunnhordland som gjer at me blir
1. valet når ei slik viktig avgjerd som å flytta hit skal takast?
Er bedriftene tydelig nok til å få fram den spennande arbeidsplassen
dei er får å trekke til seg rett kompetanse?
Har de tankar om korleis trekka til oss dei som skal bu og jobba her i framtida, då håpar me di bedrifta kjem til oss denne dagen.
Me oppmodar bedriftene om å komma fleire og inkludere dei unge i bedriftene til næringslunsjen, slik at dei får bli med på eit viktig engasjement
for framtida og inspirasjon til handlekraft # KNS Ung!
Denne fredagen kjem Nina J.H. Matre frå Bu i Sunnhordland som jobbar med attraktivitet, omdømmebygging og vil gjera regionen meir synleg blant unge, både dei som bur her og dei som studerer eller jobbar utanbys, og som me ynskjer velkommen hit!
Bu i Sunnhordland jobbar for å får profilert dei gode jobbane som er her og korleis det er å leva her.
Er du oppteken av at me kan tilby interessante og utviklande arbeidsplassar slik at unge folk kan busetja seg – og bli verande – i den vakre kommunen vår?
Då er etableringa av ein framtidsretta næringspark eit av dei avgjerande tiltaka me må få på plass.
– Rikeleg tilgang på elektrisitet
– Mogleg energigjenvinning, (varmegjenvinning)
– Knoppskyting rundt etablert næring
– Eit område utan større konfliktnivå
– Regulert for næringsutvikling
– God infrastruktur; veg vatn, straum, internett
– Tilrettelagt for sirkulær økonomi og industriell symbiose
– Ein av dei 16 næringshubane som Vestland fylkeskommune prioriteterer
Vil du høyra meir om dei kva me kan få til i lag?
Jan Petter Myhre i frå prosjektgruppa kjem å forlel oss litt om status og kva som blir jobba med.
Velkommen til engasjement og næringsutvikling for Kvinnherad!
Lunsj
Det blir servert god lunsj.
Hugs å melde i frå om eventuelle allergiar.
Påmelding innan 12. juni.
Pris pr deltakar
Medlem Kr 300,-
Ikkje medlem Kr 350,-
Tid og Stad
Fredag 14. juni kl 10:30 – 12:30 i KNS sine lokaler,
i Stabburshaugen 5, Husnes
Påmelding til bms@naeringsservice.no