Næringslósen i Kvinnherad Næringsservice vil få takka alle som var tilstades på folkemøtet på Teams i går. Det var ein god atmosfære med viktige spørsmål til foredragshaldarane og til administrasjoenen i Kvinnherad Kommune. Takk òg til Kvinnherad Kommune for tilrettelegging av folkemøtet. Men ei spesiell takk til alle foredragshaldarane for godt framlagt dokumentasjon i denne viktige næringsutviklingssaka. Av 15 Grøne Næringsprosjekter i Vestland Fylke vart Grøn Næringspark Kvinnherad av Grøn Region Vestland karakterisert som eit A prosjekt. Med 6,1 milliardar i potensiale og over 350 arbeidsplassar seier det seg sjølv at dette er svært viktig for oss å få til. Vi ser fram til å møta Statnett den 7. Mars 2022. Vi i KNS arbeider vidare med prosjektet og ser fram til å møta fleire av dykk i nær framtid.
Lykke til alle saman !
Vi kjem ikkje til fjells på flat veg !
Berre å ta kontakt om det skulle vera spørsmål.
Med vennleg helsing
Frode Hetlevik
Næringslos
KNS
Mobil nr 90760787
The post appeared first on Kvinnherad Næringsservice.